Det seier Bernt Hagtvet , mannen som - alt etter augo som s?g - blei herostratisk eller verkeleg ber?mt d? han for halvtanna ?r sidan skulda studentar flest for ? mangle erkjenningslyst. - Kva m? gjerast? - For det fyrste m? vi f? eit system med langt n?rare samband mellom universitetsl?rarane sine forskingsinteresser og undervisninga. I dag er undervisninga p? l?gare grad ofte sett p? som ei finare form for forvising til Sibir. Forelesarane sleper seg til dei store auditoria med lenker kring f?tene. Slik kan det ikkje halde fram, korkje for studentane eller l?rarane.
Look to America
Hagtvet kjenner det amerikanske universitetssystemet godt og meiner vi m? l?re av dei beste amerikanske statsuniversiteta. Her f?r l?rarane undervise om sine eigne forskingstema, alts? det dei verkeleg brenn for. Og studentane er n?ydde til ? levere essay kontinuerleg - gjennom heile studiet. Det er ein stor skilnad p? ? lese fagb?ker med tanke p? ? reprodusere orda p? ein eksamen - og p? ? lese for ? f? svar p? brennande sp?rsm?l.- Vi m? bort fr? slike digre pensumlister som uengasjerte l?rarar i dag blir tvungne til ? undervise etter, meiner Hagtvet. - Der eg studerte i USA, hadde vi aldri eksamenar der poenget var berre ? reprodusere kunnskap, og det blei teke for gitt at vi f?lgde med i kursa, alts? var budd til kvar gong. Og det vart lagt stor vekt p? at studentane heldt innlegg i seminaret. Det var litt av ei eldpr?ve og ei god trening. - Men Blindern er ikkje Yale. - Nei, men vi treng ikkje vere s? mykje d?rlegare, og verre er det likevel blitt. Vi har n? f?tt eit stort fleirtal av ein passiv, uengasjert, fagforeiningstenkande studenttype som g?r heim kl. 16. Eg h?yrer redselsskildringar t.d. fr? tysk og nordisk. Mitt svar til dei studentar som er matleie er ikkje s?rs konstruktivt, berre dette: "Finn p? noko anna ? gjere!" Universitetet er ein heilag stad, ikkje ei varmestove.- Aldri f?r har det vore lettare for unge menneske ? orientere seg i verda, aldri meir interessant ? leve! Kven som helst kan leggje ut p? reiser - virtuelle eller verkelege - mest kor som helst. Tilfanget for intellekt og kjensleliv er enormt og spanande. Og s? blir studentane matleie. - Ein g?te! sukkar Hagtvet, og legg til at identiteten til studentane i dag har med alt anna enn fag ? gjere: Dei er salsadansarar, MC-k?yrarar eller f?rsteelskarar langt meir enn dei er statsvitarar, fysikarar eller juristar. Det er ein heilt annan kamp om merksemda n?.
Hagtvet meiner universitetet m? skjerpe seg kraftig i denne situasjonen og er glad for at universitetsdirekt?ren nyleg i Uniforum sette fingeren p? den nye konkurransen fr? utanlandske universitet. Og likevel vil han seie at han m?ter mange nordmenn som kjem heim etter ?r i utlandet og seier at Blindern slett ikkje var s? d?rleg. Sj?lvkritikk, men ikkje masochisme, med andre ord!
Taust om det gode som skjer
Han synest likevel det blir gale ? seie at ingenting skjer. Innf?ringa av ex.fac.-ordninga - det fakultetsvise f?rste?rsstudiet med tilh?yrande nye l?reb?ker - er ei s?rs viktig hending.- I kulturland ville ein slik pedagogisk reform for ein heil generasjon vekkje sterk offentleg debatt. Her i landet f?r ei middelm?dig lefse av ei diktsamling langt meir spalteplass enn ein tredels hyllemeter med b?ker der dei fremste forskarane gjer sitt aller beste for ? formidle faga sine til heile ?rskull av gangen, fnyser Hagtvet. Ex.fac.-ordninga er eit pedagogisk nybrottsarbeid som gjer Universitetet i Oslo til eit f?regangsuniversitet. Men innafor ordninga er det s?rs viktig ? organisere diskusjonsgrupper og seminar blant studentane sj?lve slik at dei kan reflektere over stoffet seg i mellom og l?re gode arbeidsvanar. Studia m? vere intense fr? fyrste stund!