Ei gravid sm?barnsmor blir utsett for grov vald av sambuaren over tid. Ho flyktar til eit krisesenter saman med barna. Men banken krev at ho betaler for eit l?n ho har tatt opp. Problemet er at det er sambuaren som har tatt opp l?net, i hennar namn.
Eksempelet er eitt av mange som forskarane i SODI-prosjektet har blitt kjende med n?r dei har studert fenomenet svindel i n?re relasjonar. Saka har vore oppe i ein norsk tingrett i nyare tid.
– Ei kvinne som blir utsett for ?konomisk vald fr? ein partnar, har svak rettstryggleik. I mange tilfelle vil banken legge vekt p? at l?net st?r i hennar namn, og at ho difor er bunden av avtalen, seier Amanda Marie Foss, jurist og tidlegare student ved Universitetet i Oslo.
Sj?lv om mannen blir d?mt for vald mot kvinna, er det ingen automatikk i at ho blir frigjort fr? l?neavtalen med banken, if?lgje Foss. I saka over var det banken som fekk medhald fr? domstolen.
Same lov sidan 1918
Dei som blir utsette for ?konomisk vald, fryktar konsekvensane viss dei seier nei. Difor kan dei signere p? dokument dei ikkje veit kva er, gje fr? seg Bank-ID-informasjon til partnar eller ta opp forbruksl?n for partnaren i sitt eige namn. ?
Foss, som har skrive masteroppg?ve om temaet, peikar p? at lovverket p? feltet, Avtaleloven § 28, ?ikkje har blitt revidert sidan lova kom i 1918.
– Etter ordlyden i paragrafen skulle ein tru at han kunne brukast. Men i rettskjeldene har denne paragrafen blitt retta mot meir klassiske ranstilfelle, forklarer ho.?
Det er i dag vanskeleg for juristar ? bruke paragrafen viss den som er svindla, har levd i eit valdsregime over tid. Ved svindel i n?re relasjonar er dette vanleg.
– Verda har endra seg sidan 1918. For eksempel har vi hatt ei heilt enorm digital utvikling. Medan vi f?r m?tte g? i banken for ? ta opp eit l?n, skjer dette no i heimen bak lukka d?rer. Banken har ingen innsyn i kva som ligg til grunn for avtaleinng?inga.

Minst éin av fire svindelsaker er utf?rt av folk vi kjenner
Svindel utf?rt av folk vi kjenner, utgjer minst 25 prosent av svindelsakene, if?lgje UiO-professor Malcolm Langford. Men talet kan ogs? vere langt h?gare. Med ?folk vi kjenner? meiner han alt fr? partnaren til kollegaer eller butikkinnehavaren p? hj?rnet.
Det studentdrivne tilbodet Juridisk rettshjelp for kvinner (JURK), der Foss har vore saksbehandlar, har mange saker med partnarsvindel. I nokre tilfelle klarer dei ? hjelpe, andre gonger ikkje.
Professor i familierett Tone Linn W?rstad ved Universitetet i Oslo peikar p? at det p? Straffeloven sitt omr?de har blitt gjort ein stor jobb for ? betre rettstryggleiken ved mishandling i n?re relasjonar.
– Men svindelsaker g?r under Avtaleloven. Vi meiner at det b?r gjerast eit tilsvarande arbeid her, seier ho.
Europeisk konvensjon forpliktar
?in ting er at digitaliseringa har gjort oss meir s?rbare for svindel i n?re relasjonar.
– Ein annan ting er at det i 1918 ikkje fanst nokon menneskerettslege vern for kvinner, som er dei som oftast blir ramma, seier W?rstad.
I 2017 ratifiserte Noreg ein konvensjon i Europar?det som skal f?rebyggje og nedkjempe vald mot kvinner og vald i n?re relasjonar.
– If?lgje denne konvensjonen skal kvinner ha eit s?rleg vern mot vald som f?rer til ?konomisk skade. Dette er vi forplikta til ? f?lgje opp gjennom ? revidere v?rt eige lovverk.